Kronikk i BT: Juledadlar frå okkupert land  
lørdag 05. desember 2009
I ein kronikk i Bergens Tidende tar Erik Magnus Bruvik (Boikott Israel-kampanjen i Bergen) opp COOP sine argument om at dei ikkje driv utanrikspolitikk. Det gjer tilsynelatande heller ikkje styresmaktene, som overlet til okkupanten å fortelje om produkta er produsert lovleg eller ikkje. Konsekvensen er stilltiande støtte til okkupasjonen.

Bruvik ser også nærare på situasjonen i Jordan-dalen, der også satelitt-bileta syner at dei ulovlege israelske koloniane har rikeleg med vatn, medan palestinske landsbyar er grå og usynlege. Les heile kronikken i
Bergens Tidende

JORDANDALEN: Satellittbilete av Jordandalen 18 km nord for Jeriko og 6 km vest for Jordanelva. Alle stadnamna er israelske busetjingar - utanom Fasa'il som er ein landsby med knappe 900 palestinske innbyggjarar. Google Earth/Erik Magnus Bruvik (Montasje)

 

Juledadlar frå okkupert land

Det er snart eit år sidan Mads Gilbert sendte si oppfordring frå Gaza: «Gjør noe! Gjør mer!» Men lite er gjort - det er «business as usual» som gjeld i Norge.

Situasjonen under Gaza-krigen var prekær og urettferda lét seg ikkje skjula, men okkupasjonen har gått sin gang i 42 år no. Kvar dag. Som oftast i det stille utan stor merksemd; ein tek seg til rette på det okkuperte landet og nokre kubikk vatn blir stole. Men i sum blir situasjonen utoleleg, og til slutt kan heller ikkje dette dekkjast til.

Litt nord for Jeriko på Vestbredden ligg det ei klyngje med ulovlege israelske busetjingar, og det er lett å kjenna desse igjen på dei festningsliknande gjerda rundt. På plantasjane som høyrer til vert det dyrka m.a. dadlar, tomatar og paprika. Innimellom desse busetjingane ligg den palestinske landsbyen Fasa'il. Sjølv om folketalet i denne landsbyen er større enn alle busetjingane rundt til saman så er den nesten usynleg.

Apartheid og boikott
Ein må berre konstatera at graset ikkje er grønt for alle. Amnesty har i ein rapport nyleg dokumentert den skeive fordelinga av vatn. Det er tydeleg at palestinarane har mista rettane til landet og til vatnet under okkupasjonen.

Under apartheidstyret som har fått utvikla seg på Vestbredden er det i praksis ikkje lov for palestinarane å grava ein brønn. Dei har heller ikkje lov til å byggja hus og skular og anna som menneske treng og har rett på.

I 2007 drista innbyggjarane i nordenden av Fasa'il seg til å byggja ein barneskule. Dei israelske okkupasjonsstyrkane vil riva den sidan den er bygd utan løyve, men det har så langt blitt med trugsmålet - undertrykkinga blir for tydeleg. Men ingen som ser på satellittbiletet kan tru at byggjeløyve, land og vatn blir delt ut på eit rettferdig og lovleg vis. Dessutan, kva framtid utdannar ein barn til i denne landsbyen?

Ramma av boikott
Det er kanskje ei framtid i å jobba som daglønsarbeidar på okkupanten sine plantasjar? Ei slik framtid takkar det sivile palestinske samfunnet nei til i eit boikottopprop frå 2005: «Vi vil ikkje samhandla med okkupasjonsmakta, og aksepterer at vi i første omgang òg vil bli ramma av ein boikott. Støtt vår motstand - handla ikkje saman med okkupasjonsmakta!»

Ikkjevaldeleg og legitim
Denne motstanden er ikkjevaldeleg, og legitim sidan Israel etter alle vanlege internasjonale solemerke hadde fått sanksjonar retta mot seg grunna den langvarige okkupasjonen i strid med alle FN resolusjonar, og den apartheidmessige måten den blir utført på.

Denne oppmodinga om boikott gjekk stort sett upåakta hen. Men etter Gaza-krigen er det stadig fleire som etterlyser klar tale og handling; at vi må slutta å godsnakka med Israels regjering, og ta eit klart handelspolitisk standpunkt: Vi aksepterer ikkje import av landbruksprodukt dyrka som vist på biletet.

Upolitisk handel?
Trass i okkupasjonen, og berre ei veke etter at dei siste bombene fall over Gaza, så uttalar informasjonsdirektøren i Coop Norge følgjande i samband med at røystene som vil ha boikott aukar (BT, 25. jan. 2009): «Men COOP Norge driver ikke utenrikspolitikk, det kan vi ikke gjøre. Det er myndighetenes oppgave.»

Og sidan utanriksminister Støre heller ikkje vil driva utanrikspolitikk der klare standpunkt fører til konkrete handlingar så er dette tilsynelatande siste ord - «business as usual».

Fråveret av politikk der standpunkt gjev opphav til handlingar som faktisk betyr noko, og ein handel som går sin vante gang frikopla frå politiske og moralske omsyn skal også i framtida vera vårt kjennemerke.

COOP meiner alvor
At Coop faktisk meiner det alvorleg demonstrerer dei i desse dagar. Til jula byr dei på «Jordan River», Medjoul-dadlar frå det israelske daddelkooperativet Hadiklaim. Hadiklaim seier klart ifrå på sine websider at dei sel dadlar dyrka langs Jordanelva mellom Genesaretsjøen og Dødehavet utan omsyn til om dei er dyrka på okkupert land.

Alle busetjingane langs Jordanelva i biletet dyrkar dadlar. Vi må derfor gå ut ifrå at nokre av Coops dadlar kjem frå desse sidan Hadiklaim eksporterer 65 prosent av alle dadlar frå «Israel». Er dette utanrikspolitisk uproblematisk? Eller er det heller slik at Coop i sin iver etter å vera upolitisk har gjort det motsette og gjeve ei klar støtte, økonomisk i det minste, til okkupasjonen og dei lovbrota denne medfører? Er dette i samsvar med Coops eigen politikk om etisk handel? Ein kan heller ikkje seia at Coop er i god tru når dei importerer dadlane - dei vil ikkje vita - det er ikkje deira ansvar å føra utanrikspolitikk.

Utanriksdepartementets pressetalsmann slår i Morgenbladet (13. aug. 2004) fast at dei heller ikkje vil vita, men vil stola på at Israel merkar eksportvarene sine slik at det er råd å sjå om dei kjem frå okkupert område. Utanriksdepartementet ser ut til å vera urokkeleg i sin tillit til at Israel følgjer norske importreglar, sjølv om dei sjeldan rettar seg etter FN eller internasjonal lov. Importreglar følgjer dei venteleg.

Boikott av jordbruksvarer
Vår hang til upolitisk handel har rota det til - politisk - for Utanriksdepartementet og Coop. Kva om dadlar frå plantasjane på dei okkuperte områda blir selde til israelske forbrukarar, medan dadlar dyrka innanfor Israels internasjonalt anerkjende grenser blir eksporterte?

Denne løysinga ville jo frikjent oss frå all direkte deltaking og profittering på utbyttinga. Men det vil redusera oss til passive tilskodarar som med passivt samvit vil nyta juledadlar frå Israel, og seinare på vinteren og våren; paprika, appelsinar og poteter.

Uhaldbar og uetisk
Denne løysinga kan synast leveleg for oss og Israels myndigheiter, men er uhaldbar og usolidarisk for dei som kvar dag lir og blir fråteke sine rettar under okkupasjonen - dei okkuperte.

Det er derfor rettferdig og legitimt å boikotta alle israelske jordbruksvarer så lenge okkupasjonen og Israels busetjarkolonialisme held fram. I tillegg er hundretusenvis av oliventrea til palestinske bønder rykte opp av jorda.

Dersom norske styresmakter og handelsstand er nøgde med å vera tilskodarar, må norske forbrukarar handla aktivt på eige initiativ og boikotta frukt og grønt frå Israel.

To urimelege innvendingar
To innvendingar mot ein generell boikott av Israelske jordbruksprodukt vil eg koma i forkjøpet. Vil ikkje ein boikott forstyrra dialogen og vera til hinder for ein rettferdig fred?

Dialog; ordet kling så trygt og godt, men dialog utan handling blir passiviserande, og stilt overfor røynda på Vestbredden og i Gaza, redusert til ei grotesk framsyning der ordet misser all kraft og meining.

Men minner ikkje ein boikott i dag om oppfordringa til ikkje å handla i jødiske butikkar i 30-åras Nazi-Tyskland? Er det då ikkje dette som var problemet: at det var for mange som såg på, veik unna klare standpunkt og handlingar, og heller oppfordra til godsnakking med overgriparane?

http://www.bt.no/meninger/kronikk/Juledadlar-fraa-okkupert-land--978059.html